Velkomne til orstakunstlag.no
Nyheitsbrev |
|---|
|
Vil du motta informasjon om utstillingar, få invitasjonar og anna nytt frå Kunsthuset, kan du melde deg på vårt nyheitsbrev. Send ein tom epost til mailto: http://nytt-subscribe@orstakunstlag.no. |
Kunsthuset finn du midt i Ørsta Sentrum, i Webjørn Svendsengt. Er du usikker på kor det ligg hen, sjå her!
Brekke og Brudvik - opning 17.april
Laurdag 17.april opnar gruppeutstilling med kunstnarane Børge Brekke og Elin Brudvik. Brekke er biletkunstnar og Brudvik er skulptør, felles er at mennesket står sentralt i begge sine kunstnarlege uttrykk. Dette blir ei spennande utstilling der ulike teknikkar vevast saman over felles tema.
Børge Brekke

Elin Brudvik
Ærespris til Ørsta Kunstlag
Ørsta kunstlag vart nyleg tildelt Sparebank1 sin ærespris for indre region. SpareBank1 sin ærespris skal gå til personar, lag eller organisasjonar eller tiltak som i løpet av siste år eller over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjønning for kulturelt eller humanitært arbeid.
Vi i styret i Ørsta kunstlag set stor pris på denne merksemda, og opplever at tildelinga lyftar fram det store arbeidet som leggjast ned for å kunne gje eit breitt kulturtilbod. Tildelinga av æresprisen viser at vi langt på veg har lykkast med å gje eit kulturtilbod som blir lagt merke til, og prisen stimulerar til vidare arbeid med å oppretthalde og utvikle Kunsthuset med sine ulike kulturtilbod.
Det har vore viktig for Ørsta kunstlag at Kunsthuset skal vere tilgjenge for alle. Noko som også trekkast fram i grunngjevinga for tildeling av æresprisen. Der leggjast det blant anna vekt på at Kunsthuset er ope for alle gjennom si universale utforming. At dette også trekkast fram synast vi er positivt, for slik å sette fokus på universal utforming. Vidare har det for Ørsta kunstlag vore viktig å gi eit gratistilbod for også slik å gjere kunstopplevingane ope for alle.
Æresprisen består av eit statuett laga av kunstnaren Astrid Eidseth Rygh og eit pengebeløp på kr. 25000,-.
Vi takkar så mykje for tildelinga av æresprisen!
Les meir på Sparebank 1sine nettsider.

Frå Venstre: Leiar Stina Aasen Lødemel, banksjef Per Kristian Langlo, Monica Vatne Sørheim, Ingeborg Sæter, nestleiar Ruth Visnes og æresmedlem Oddvar Øyehaug. Foto: Kjell Arne Steinsvik / Møre-Nytt.
Årsmøte
Årsmøte for Ørsta Kunstlag Blir onsdag 14.april kl.19.00 i Kunsthuset. Velkomen!
Årsmøte for Ørsta Kunstlag Blir onsdag 14.april kl.19.00 i Kunsthuset. Velkomen!
Januar 2010
2009 vart eit år med mange flotte utstillingar i Kunsthuset. For oss og for besøkande blir 2010 eit nytt år med nye utstillingar, nye kunstopplevingar, nye oppdagingar - og ny innflyttar. Før jul flytta Turistinformasjonen inn i Kunsthuset, og vi er no i full gang med å innstallere og omrokkere. Med denne samlokaliseringa vil Kunsthuset få enda meir å by på, og vi vil få utvida opningstider. Kunsthuset vil med dette verte ein samlingsplass for lokale innbyggjarar, tilreisande og turistar, med gi eit breiddt tilbod av kulturopplevingar. Både Ørsta Kunstlag og Ørsta Reiselivslag er veldig glade for at vi har kunne etablere oss under same tak, og ser fram til mulegheitene dette vil gi oss og publikum.
Kunsthuset vil med dette ha ope opptil seks dagar i veka, med mindre justeringar i opnings- og stengetid etter sesongtilpasningar. I januar og februar er ikkje Kunsthuset ope torsdagar og laurdagar. Sjølv om Turistinformasjonen er under etablering og Ørsta Kunstlag ikkje har ny utstilling gåande, er Kunsthuset på detett idspunktet likevel fullt i drift med både mykje kunst og Turistinformasjon.
Vi kjem tilbake med utstillinsgprogram for 2010, og håpar mange vil besøke oss i året vi nyst har byrja på!

Utstillinga er ei markering av at det er hundre år sidan denne store kunstnaren vart fødd. Kunsthuset husar til vanleg ei Strømme- samling som heng permanent i eige utstillingslokale. Truleg er dette den nest største samlinga av Olav Strømme- bilete, nest etter Hennie Onstad Kunstnersenter. Til jubileumsutstillinga er det andre verk av kunstnaren som visast fram. Dette blir ei mulegheit til å stifte betre kjennskap til denne store kunstnaren, her vil publikum få sjå verk dei nok aldri har sett før. Frå fleire hald blir det lånt inn kunstverk av Strømme, både frå bedriftssamlingar og private samlingar.
Olav Strømme vart fødd 20.november 1909 i Ørsta, på Strømme- garden i Ytre Hovden. Strømme oppnådde å bli ein kunstnar av nasjonalt format, innkjøpt av bla. Nasjonalmuseet. Strømme var utprega modernist, og høyrer til blant våre nasjonale kunstnarar som gjorde seg gjeldande i mellom- og etterkrigstida. Mange samtidige og seinare kunstnarar har blitt påverka av Strømme og funne inspirasjon i verka hans, bla. Kjell Nupen. I Kunsthuset har vi i årets utstillingsprogram markert Strømme- året med å ha kunstnarar som har funne inspirasjon i Strømme. To av separatutstillarane frå i vår, Inger-Johanne Brautaset med Hommage til Olav Strømme og Stein Nerland med Mellomrom, er begge kunstnarar som har eit spesielt forhold til Strømme sitt kunstnarskap.
No står vi altså framfor høgdepunktet i jubileumsåret, med opning av Olav Strømme- utstilling fredag 6.november.
Kunstmuseet Kube vil også ha ei større Olav Strømme- utstilling i høve hundreårsmarkeringa, også denne opnar i november. Ny katalog om Olav Strømme er laga av Per Hovdenakk med midlar frå Strømme- stiftinga og vil bli muleg å skaffe seg båe stadar.
På opninga ferdag vil Per Hovdenakk og Nils Anker, direktør ved Kunstmuseet Kube, vere tilstades.
Kusnthuset held ope laurdagar 12 - 15. Utstillinga heng til 28.11.09.
Vel møtt!