| Kunsthuset er ope kvardagar 10-15 og laurdagar 12-15 |
Meldingsliste: Meld deg på e-postlista vår, og få informasjon om utstillingar, invitasjonar og anna nytt frå Kunsthuset.
Send ein tom epost til nytt-subscribe@orstakunstlag.no Du vil då få ein e-post med stadfesting på at du står på meldingslista vår.
Utstillinga "Tyll på Tind" med Fotograf Ma på Kunsthuset

Utstillinga "Tyll på Tind" med Fotagraf Ma opnar
på Ørsta Kunsthus fredag 3 februar kl 1930.
Ma Ortiz vil halde foredrag om konseptet, samt vise bilder.
I tillegg vert det bokslepp på boka som dokumenterer prosjektet "Tyll på Tind".
Inngang kr 50,-
Les meir...
Stig Ulv med "Strengetonar" har
plateslepp på Kunsthuset torsdag 19. jan.:
19. jan slepp gitaristen Stig Ulv sit første album; Strengetonar. Platesleppet skjer på Ørsta Kunsthus, og denne kvelden vil heile albumet bli spelt gjennom. Medverkande musikarar er Audun Ellingsen, Henrik Lødøen og Svein Erik Åmås. På lyd Bjørn Roger Hagen.
Dørene opnar kl. 1900
Konsertstart kl. 2000
Inngang kr 150,- / born gratis
Les meir...
"Strengetonar"
Maskerade stiller ut på Kunsthuset
Komande laurdag, 3. desember kl. 1200, opnar Maskerade årets juleutstilling i Kunsthuset. Dei lokale biletkunstnarane i Maskerade har i ei årrekkje halde årvisse utstillingar i ulike lokale i Ørsta.
Det er første gongen at maskerade stiller ut i Kunsthuset. Utstillinga varer til 21. des.
Les meir...
Olav Marøy og Terje Høydalsvik frå Maskerade


