Hjem > Medlemskap

Medlem i Ørsta kunstlag


Alle våre medlemmar er viktige støttespelarar for kunstlaget. Å ha ei støttande og fast medlemsmasse er heilt nødvendig for å kunne vere eit dynamisk og levande kunstlag.

På årsmøtet vart det bestemt å justere litt opp medlemskontingenten. Samstundes minner vi om at alle medlemmar har ein rabatt på kr.500,-


Ønskjer du å bli medlem, kan du bruke kontaktskjemaet i venstre meny, sende ein e-post, eller ta kontakt med oss i Kunsthuset.

Medlemsfordelar
  • Ein rabatt årleg pr medlemskap på kr. 500,- på enkeltkjøp over kr.3500,-.
  • Alle medlemmar er med i trekninga av kunst på kvart årsmøte.
  • Vi arbeidar med å få i stand foredrag ol. der medlemmar får fordelar.
  • Og du gir verdfull støtte til ein frivillig organisasjon som gir gode kulturtilbod, med fri inngang på alle utstillingar!

Kontingent

Vi har i dag tre ulike medlemstypar:

  • Enkeltmedlem kr.300,-
  • Familie kr.400,-
  • Bedrift kr.1000,-  


Bedriftmedlemsskap

Bedrifter som teiknar medlemsskap, får følgjande fordelar:
  • Det kan bestillast besøk utanom opningstid, feks. ved sosiale samankomstar eller forretningsbesøk.
  • Som bedrift kan ein nytte rabatten til kjøp av unike gåver til tilsette og samarbeidspartar.