Gruppeutstilling i Kunsthuset
Laurdag 17.april opnar Kunsthuset utstilling med biletkunstnar Børge Brekke og skulptør og keramikar Elin Brudvik. Brekke er opphavleg frå Ørsta, i dag busett i Hønefoss. Brudvik bur i Bergen, der ho har atelier på Bryggen. Felles for Brekke og Brudvik er fokuset på mennesket og kroppen i sine kunstnarlege uttrykk.
Brekke jobbar innan fleire teknikkar – teikning, måleri og grafikk. Alle teknikkane vil verte vist på utstillinga i Kunsthuset. I tillegg jobbar Brekke med ulike oppdrag innan illustrasjon, frå undervisningsmateriell i teikning til CD-omslag. Brekke jobbar også med undervisning i ulike teknikkar.
I Brekke sine bilete finn ein mykje rørsle, menneske aleine eller i grupper i dynamiske komposisjonar. For kunstnaren er det å jobbe med kropp i kunst å ha nærkontakt med ein årtusen lang tradisjon.
For Brudvik står skulpturane som uttrykk for kjensler. Sjølv karakteriserar ho teknikken sin som eit grafisk uttrykk i leire, der ho brukar svart og kvitt for å få eit røft utsjåande. Ho ønskjer å gå inn i dei ulike rollene vi kler oss, avsløre kroppsspråket og med sine figurar skape uttrykk for kjensler.
Elin Brudvik er medlem av Norske Kunsthandverkere (NK) og Børge Brekke er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK) og Tegnerforbundet.
Utstillinga i Kunsthuset blir ei spennande utstilling der ulike teknikkar vevast saman over felles tema; mennesket.
Her kan du besøke nettsidene til Børge Brekke og Elin Brudvik


Utstillinga står til 5.juni.
