Hjem > Stille ut?

Ønsker du å stille ut i Kunsthuset?

Ørsta kunstlag ønskjer å ha breidde i utstillingsprogramma våre. Både etablerte kunstnarar av nasjonalt eller internasjonalt format, og også lokale og/ eller mindre etablerte kunstnarar ønsker vi å vise fram. Vi vil gjerne ha mangfald, både i kunstnarbakgrunnar, uttrykk og teknikkar. Gjennom året har vi 4-6 separatutstillingar og 2-3 kollektivutstillingar.

Send oss gjerne ein søknad. Denne må innehalde CV og foto, enten CD-rom eller fotografi/ presentasjonsmappe. Er det snakk om eit utstillingsprosjekt må dette beskrivast.

Returporto må leggast med dersom ein ønsker innsendt materiale tilbakesendt.

Søknadar behandlast heile året, men det kan ta noko tid før endeleg svar føreligg. Vi vil så snart vi har motteke søknaden gi beskjed om at den er komen oss i hende.

Har du kunst/ kunsthandverk som kan vere aktuelt å ha i kommisjon i kunstbutikken vår? Vi er ute etter å utvide med fleire kommisjonsvarer i ulike teknikkar og er på utkik etter samarbeidspartnarar. Er du kunstnar og er interessert i eit samarbeid, ta kontakt.

Les meir om kunstbutikken her